Kvernsteinane, kor kom dei frå?

Steinane som er i bruk i dag er merka FB 3275. FB er bumerket til Fredrik Reichenwald Birch (f. 1826) som frå 1850 dreiv landhandel i Selbu kommune på eigendommen som i dag huser Selbusjøen Hotell & Gjestegård. Han dreiv også med produksjon og sal av kvernsteinar.

Me har forsøkt å finna meir informasjon om kvernsteinen, og i juli 2018 besøkte me Selbu Bygdemuseum som har ei utstilling om kvernsteinsdrifta. Dei sette oss i kontakt med Ola A. Hårsaker og Jon Evjen som tok seg tid til å fortelja oss om korleis kvernsteinsdrifta gjekk for seg. Me fekk også med oss ein tur ut til det kvernsteinsbruddet som var lettast tilgjengeleg. Ein stor takk til Hårsaker og Evjen for all hjelp.

Om notata stemmer heiter det bruddet me besøkte Trættarbeidet. Det er registrert fleirfaldige hundre store og små kvernsteinsbrudd i området, så det er lite truleg at steinane i Loknakvedna kom frå akkurat dette bruddet, men det ga fin innsikt i prosessen. Utvinning av kvernstein var vinterarbeid på gardsbruka i området. Dei for til fjells på hausten og hogde stein nesten heile vinteren. På vårparten ble resultatet frakta ned med hest og slede for sal. Det tok om lag eit årsverk med arbeid å framstilla eit par med kvernsteinar.

Kvernstein frå Selbu var på 1800-tallet så ettertrakta at den var nærmast einerådande i Norge, så det er ikkje overraskande at det er nettopp Selbustein me har i Loknakvedno.