Om

Vassdrivne møller, i Noreg ofte kalla bekkakverner, er nemnde her til lands frå 1200-talet; frå Vestlandet ca. 1290. Teknologien vart utvikla i Asia og breidde seg vestover.I eit jordbrukssamfunn med mange hender greidde ein seg lenge med dei heller ineffektive og tungdrivne handkvernene. Men etter Svartedauden (1349) vart det større trong for meir effektive kverner og dei norske bekkakvernene (kallkvernene) blei utvikla.

Ein kan sjå at kvernene hadde byrja å verta vanlege på 1600-talet avdi kongen byrja meir og meir å styra bruken av møller. Kongen ville ha store sentrale møller som kunne vera med å styrka lokale sentra og gjera det lettare å skattleggja mølledrift. Frå 1661 vart det forbode med gardskverner. Dette forbodet let seg ikkje gjennomføra i grisgrende strok, og dermed fungerte malinga av korn etter gammal skikk her i distriktet.

Det er få kjelder om utviklinga av kallkverna her i området. Men ho er nemnd under enkelte gardar alt frå 1600-talet. Opplysningane synest å vera tilfeldige avdi nye, mindre gardar er oppgitt med kverner samstundes som eldre gardar ikkje er det. Frå 1700-talet er derimot kverner nemnde overalt.

Loknakvedno er nemnd i 1723 som ei lita flaumkvern. Ho må ha lege nedanfor den noverande. Det er enno restar etter fundament. Fundamentet indikerer at kverna nok var lita. Dammen ovanfor var og heller liten og greidde neppe å samla alt vatnet frå Loknaelva.

Frå byrjinga av 1600-talet til slutten av 1700-talet vart kornproduksjonen dobla på Lokna. Vidare på 1800-talet vart han på ny fleirdobla. Ein eller annan gong må difor trongen for ei større og meir effektiv kvern meldt seg. Men ein veit ikkje når, men det eldste årstalet skrive på ein av veggene er 1852. Materialane er merkte, så kverna har vore sett opp før.

Den nye og noverande kverna vart bygd litt lenger oppe samanlikna med den gamle. Den ligg rett nedanfor eit brattberg og slik at fallhøgda på vatnet vert litt lengre enn på den gamle.Den nye kverna må ha vorte større enn den gamle. Ja, ho er truleg og litt større enn dei fleste andre kvernane i distriktet. Ein kjem fyrst inn i eit forrom (som er ca. 1.30 meter djupt) før ein kjem inn i rommet med kvernsteinane.Det er kvernsteinsrommet som er tømra , og det er ca. 2.60 x 2.40 meter.Kverna hadde opphaveleg ein ståande kvernkall av furu. Den vert no bytt ut med ein tilsvarande av eik, skoren på Lokna.I løpet av 2014-17 vart taket vølt; ein brukte for det meste dei gamle hellene. Elles vart bord i veggene bytte ut og heile kverna beisa. Vidare vart det bygd heilt nytt slåk og dammen vart sett i stand. Denne dammen kan lett kanalisera alt elvevatnet så denne kverna er ikkje ei rein flaumkvern. Heile Storavatnet skaffar vatn.

I byrjinga av 2000-talet var Loknakvedno ei av få gamle bekkakverner i distriktet som ikkje hadde falle saman. Men ca. 1970 reparerte Bua ungdomslag kverna og det hadde mykje å seia for at kverna overlevde. Likevel, så seint som under siste verdskrigen var kverna i bruk, og det tyder på at kverna lenge var i god stand. Kverna var truleg delt mellom brukarane. I skiftet etter John Steffensen Lokna i 1832 (bruk nr 1) er kverna ikkje nemnd enda om skiftedokumentet er svært detaljert.Ved sams eige vart ikkje alltid dette oppgitt. Men i skiftet etter Bård Larsen Lokna (bruk nr 3)i 1852 er det nemnt ei halv kvern i buet.

Det er meininga å bruka kverna som ei demonstrasjonskvern. Slik kan kverna vera til nytte når det gjeld å syna gamle dagars teknologi og arbeidsliv, spesielt for skuleelevar, men og for andre historieinteresserte.

For å setja kverna i stand har ein fått støtte frå det offentlege, men det praktiske har vorte gjort på dugnad av folk frå Lokna og det næraste distriktet. Dei som har vore med i dugnadsgjengen er:

  • Arne Utne, Tjernagel
  • Olav Lokna, Lokna
  • Nils Lokna, Lokna
  • Egil Lokna, Lokna
  • Reinert Olav Reinertsen, Tjernagel har hatt overoppsyn med dreiinga av kallen.

Egil Lokna har , som byggmeister, hatt det faglege ansvaret.